søndag 11. juni 2017

Nokre kupp frå Gjenbruken



Nupereller ....eg bare seie det. Til ein billig penge men unik og verdifull. Sjå det arbeidet, eg er i grunnen litt fascinert over nupereller. Eg kan det ikkje sjølv. 




Mange godbitar


 Nupereller i meir sjeldan fasong, firkanta brikke


Brikke hekla av "sytråd"
Jillt å ta turen innom Gjenbruksbutikken av og til....må bare, eg har i grunnen ikkje bruk for det, men mykje fint og verdifullt håndarbeid. Viktig at det blir tatt vare på og brukt.


Klem
Lilla dør

fredag 9. juni 2017

Lue strikk og kanotur


 Eg og gubben hadde fått oss ein tur i gåve.....Grødemsekpedisjonen. Ein blåtur der me ikkje viste kor me skulle, fekk bare ei pakkeliste.  Ein fantastisk flott og opplevelsesrik tur frå A til Å.  


 Frå Jæren og til turstart var det ca 5 timers biltur. Eg fekk dette oppdraget; strikke to luer på turen. Eg klarte å bli ferdig med den fyrste på vei bort :))








 Namnet vart brodert med løkkesting


 Her er lue nummer to på gang rundt kveldsbålet



 Ferdig!!!!!  


Tusen takk!

Klem
mamma og svigermor

tirsdag 30. mai 2017

Hardangersaum-kunst


 Tanta mi hadde denne gardina hengande i altandøra på hytta/huset sitt sidan 1970 åra og til i fjor. Difor er det ulike fargar i tekstilen.....med sin sjarm. Eg har vaska det men det var så mørt at det meir enn mindre gjekk i oppløsning. La det på tørk flatt og strauk det glatt før eg la det mellom to plexiglass. Plexiglasset hadde eg bestilt hos Bryne Plast ferdig tilskjert etter mål.


Reint og glatt med ulike fargetonar. Ein ser kor treverket har vore....der er fargen i behald, resten er bleika kvitt no av sola alle desse åra:)



Her blir det  lagt i mellom to plexiglass.


To gode hjelparar får det på veggen (tusen takk for hjelpa)


Er så fornøgd......



Gjekk når nytt og gamalt kan møtast.
Jillt å ta vare på slike gamle kunstverk, for det er det spør du meg.

Klem
Lilladør


mandag 29. mai 2017

Makrameoppheng


 Dette opphenget laga eg for ca 40 år sidan..... nesten skremmande. Har skifta stove no. Men opphenget er like fint og moderne igjen. I grunnen fantastisk!!!!







Det passa perfekt inn her. Må bare få noko grønt i blomsterpotta.


Må bare vise dei fine blomane eg fekk her om dagen. Ei venninne av meg hadde dei i hagen....
Tulipanar er i grunnen fine blomar. Sjå fargespelet i dei.


Måtte ta dei ut på kaffibordet på hytta i helga. Det vart eit fargerik bord, saman med den oransje retroduken. Som sikker er frå 70 tallet den og.... Kjekt med gjenbruk.


Klem
Lilla dør

torsdag 25. mai 2017

Ramsløk frå eigen hage


 Har ein pallekasse med ramsløk i hagen. I går plukka eg ca 400 gr. 


Vi vaska og reinska dei og hadde dei i salatslynga, før eg kjørte dei i foodprosessoren. Vi brukte oppskrifta på pestoen som eg fann på nettet. Sjå oppskrift her


 Klar til bruk. Godt til laks, pizza og ikkje minst på urtebrød.



 Fylte pestoen på små og tette glass/krukker. 


Klem
lilla dør

tirsdag 23. mai 2017

Vinhøner til salgs.......


 Klar for ny heim :) Vinhøne er til salgs.  Har sydd dei for ei tid tilbake. Dei  har lege i lilla dør sin butikk men er no ute på luftetur........ . Det er bare å ta posen ut av ein vinkartong og putte inn i høna, så er den klar. 




Ukjent design men med min variant og fargesetting. Som alle andre ting eg syr blir ingen heilt like...... kvar får sin personlighet.


 på vagel


 verpesjuk


Har vinglasset med :)


Ta kontakt viss interesse .....bare to igjen!

Ha ei fin helg.
Klem 
Lilla dør

søndag 21. mai 2017

Tur i aboretet igjen, det vart nesten nostalgisk for oss




 Då barna var små var vi ofte her på tur ..... artig med tur der igjen.... Det som drog no var ynskje om å oppleve Rhododendrondalen igjen. Den stod i full blomst denne helga.











 Måtte innom Magnolia-samlingen og. Den rosa med store blomster tok prisen......fantastisk fin.



 Se dei spesielle bjørkestammane. Såg nesten ut som om dei hadde skalpert dei:)

 Takk for fantastisk fin søndag... mykje jillt saman med familie og gode venner. Før me var oppe idag tikka det inn melding om vi ville komme på kaffi på Vigdel. Noen hadde overnatta der. Fantastisk fin plass å innta morgonkaffien.


Denne lille gullkoppen har fått blitt med på fleire turar ...blitt nesten eit vare merke.:)))

Ha ei fin veke
klem
lilla dør