torsdag 26. januar 2012

Torsdagskveld på ein blåsbort dag :)


Etter lang dag med ulike aktivitetar og program er det bare herleg å krype opp i sofaen, ta fram nytt strikk og ein kopp med te . I tillegg kom det eit  nytt blad i posten idag. Så  då var  det bare å senke skuldrene og nyte det. Det er fyr i vedovnen og vinden ule på det verste ute.  Livet er i grunnen herleg.......... 


Eg var ein tur til Bryne igår og var innom Idestova. Og sjølvsagt kom eg ut at med garn i posen. Sjølv om eg held på fleire andre prosjekt bare i strikking.  No var det tre nøster med 100% merinoull frå Rowan i sennepsfarge.  Det var på tilbud...... halv pris...måtte bare ha det. Kjempe mjukt og godt å strikke.  Kan anbefalast.


Flott farge!


  Fekk oppskrift med, hals strikka på pinne nr.12.  Så då går det fort unna.....eg har snart strikka fyrste nøstet.
Dette var gildt.......


 Ha ein god kveld.

1 kommentar:

  1. Det var en veldig fin farge! Er det samme garn så genseren min? Glede meg til å se resultatet! :) Ragnhild

    SvarSlett